torsdag, mai 08, 2014

Kva ser du, Pippi?

2014-05-08 07.11.01
Pippi nyt utsikta!

2014-05-08 09.10.30
Fargane på bildet er egentlig heilt feil. Det var mykje blåare i røynda!

torsdag, oktober 31, 2013

Ny blogg

Eg har flytta bloggen over til nettsida vår! Du er velkommen til å titte innom der; www.annikaogsindre.com.

image

Fotodagboka blir også flytta dit. Då blir innlegga passordbeskytta i staden for heile bloggen. Trur eg.

Eg veit ikkje om det blir oftare blogging no enn før, det vil sikkert bli i rykk og napp fortsatt, med heilt sikkert ein del kattebilder!

tirsdag, oktober 29, 2013

God haustdag!

1383046370928

Ynskjer alle ein fin haustdag uansett kor de er! Og gratulerer med dagen til Janita!

mandag, oktober 21, 2013

Årets viktigaste søndagstur

I år som i fjor og åra før, var eg bøsseberar. Det er meiningsfullt å samle inn pengar til ei god sak, og slik ein flott dugnad av alle som deltek!

2013-10-20 14.10.58

Eg hadde rett nok ei litt annleis rode i år, eg var nemleg stasjonert på Ishavsmuseet, sidan der var arrangement.

2013-10-20 14.31.06

Neste år vil eg ut å gå igjen, trur eg!

2013-10-20 14.12.32

Elles fekk eg erfare at det går mot vinter – og isen har dukka opp her og der. Eg leika bambi på isen på vei til å vere bøsseberar. Det er nok på tide å leite fram broddane straks!

Ynskjer alle ei god veke!

søndag, september 22, 2013

Septemberglimt

Vi nærmar oss oktober. September har vore innholdsrik, med bl.a. fantastiske Brandalsdagar og eit spennande Stortingsval!

Brandalsdagane var første veka i september, ei heil veke med aktivitetar i høve 20 års jubileet. Det må bli eit eige innlegg om dagane!

Stortingsvalet ga utan tvil eit kjekt resultat for Venstre – og vi er veldig fornøgde og glade for at Pål Farstad har fått plass på Stortinget neste periode! På valdagen var det valvake saman med dei andre partia i Hareid. Ingen bilder derifrå! Men det gikk garantert roligare for seg der enn fleire av valvakane som har fått merksemd i media ;)

Nokre glimt frå månaden elles.

2013-09-01 20.40.252013-09-01 20.40.33

Vi bestilte oss karusell til eine hjørneskapet på kjøkkenet. Trur det var på høg tid, for der var mykje innerst i skapet som vi hadde glømt, og det berre etter eit lite år. Kan anbefalast! Vi kjøpte vår via Elkjøp sine nettsider. Nauta enkelt!

2013-09-03 00.39.222013-09-10 07.51.57

Kattane syns det er veldig kjekt å få låne gjestesenga i blant! Og når dei ikkje søv eller spring ute, sit dei gjerne å studerer utsikta si.

2013-09-08 14.03.00IMG_20130912_101416IMG_20130918_085028

September har glimta til med ein del fineversdagar!

For fleire katteglimt i september, sjekk ut fotodagboka. Legg att ein kommentar her om du treng tilgong dit.

lørdag, september 14, 2013

Ein kattepost, rett og slett!

 

2013-08-27 07.30.18 2013-08-27 07.38.35 2013-08-27 07.43.03 

Fotodagboka er oppdatert med dei siste bilda frå august, og det var ikkje uventa mest katt!

2013-08-27 07.49.10

Sei frå om du vil ha tilgong til den lukka bloggen :)

torsdag, august 29, 2013

Nesten-sensurert Bjørk

2013-08-28 08.03.19

2013-08-28 08.03.52

Slik likar ho å ligge å sjå ut, og gardinene ser ut der etter. Men når vi har katt, må dei få lov til litt…

Legg ut ein del meir bilder i fotodagboka mi. Om du vil ha tilgong dit, sei i frå. Vil gjerne ha besøkande der, men likar å vite kven som les der.