søndag, juni 03, 2012

Brandal badar i sol

Noko seint innlegg (og nokre har sett innlegget/bilda før). Og i dag badar ikkje Brandal i sol, men det toler vi :)

Torsdag 24. mai var det festdag i Brandal. Vi fekk nemleg storfint besøk i bygda, då Kronprinsparet vitja Hareid kommune i samband med sin fylkestur, og avslutta besøket ved Ishavsmuseet Aarvak.

Nokre bilder frå den flotte bygda vår!

2012-05-24 13.26.29

Utsikt frå Pakkhuset og kommunekaia mot Ishavsmuseet.

2012-05-24 13.26.32

2012-05-24 13.26.37

Flagga har komt opp!

2012-05-24 13.26.41

Kjem dei sjøvegen? Dei gjorde rett nok det, men til Brandal kom dei i bil.

2012-05-24 13.45.44

Her er alt klart!

2012-05-24 18.23.17

Sjø, fjord, fjell og sol – og Brandal! Kan ikkje bli betre! Sunnmøre viser seg frå si beste side!

2012-05-24 18.32.34

Motlys ;)

2012-05-24 18.34.00

 

DSC_0023

Og der kom dei! Foto: Steffen Kvalsund

DSC_0048

Fleire ishavsveteranar fekk helse på Kronprinsparet. Foto: Steffen Kvalsund

På dekk på Aarvak var det underholdning av Brandalskoret, guide Veronica K. Pilskog fortalde om ishavshistoria, Brandal og Ishavsmuseet Aarvak, Jenny Korsnes spelte valthorn og Kronprinsparet fekk overrekt ei lita gåve.

2012-05-24 19.22.47

Veronica – konsentrert og flink. Brandalskoret i bakgrunnen.

2012-05-24 19.32.09

Jenny Helen Korsnes spelte nydlig på valthorn.

DSC_0179

Foto: Steffen Kvalsund

Dette var stas å få vere med på! Både eg og Sindre var inviterte gjestar, saman med omlag 50 andre. Veldig kjekt!

Det er forresten i same bygget som vi skal ha vielsen vår <3

Fleire bilder ligg på galleri.brandalinfo.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar