søndag, september 22, 2013

Septemberglimt

Vi nærmar oss oktober. September har vore innholdsrik, med bl.a. fantastiske Brandalsdagar og eit spennande Stortingsval!

Brandalsdagane var første veka i september, ei heil veke med aktivitetar i høve 20 års jubileet. Det må bli eit eige innlegg om dagane!

Stortingsvalet ga utan tvil eit kjekt resultat for Venstre – og vi er veldig fornøgde og glade for at Pål Farstad har fått plass på Stortinget neste periode! På valdagen var det valvake saman med dei andre partia i Hareid. Ingen bilder derifrå! Men det gikk garantert roligare for seg der enn fleire av valvakane som har fått merksemd i media ;)

Nokre glimt frå månaden elles.

2013-09-01 20.40.252013-09-01 20.40.33

Vi bestilte oss karusell til eine hjørneskapet på kjøkkenet. Trur det var på høg tid, for der var mykje innerst i skapet som vi hadde glømt, og det berre etter eit lite år. Kan anbefalast! Vi kjøpte vår via Elkjøp sine nettsider. Nauta enkelt!

2013-09-03 00.39.222013-09-10 07.51.57

Kattane syns det er veldig kjekt å få låne gjestesenga i blant! Og når dei ikkje søv eller spring ute, sit dei gjerne å studerer utsikta si.

2013-09-08 14.03.00IMG_20130912_101416IMG_20130918_085028

September har glimta til med ein del fineversdagar!

For fleire katteglimt i september, sjekk ut fotodagboka. Legg att ein kommentar her om du treng tilgong dit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar